Takk for no
London, 14.09.2009
Det er no eit år og ei veke sidan eg sette meg på flyet frå London, litt smånervøs i forhold til kva framtida ville bringe. No, eit år etter, sit eg att med gode minner, kunnskap, erfaring og sist, men ikkje minst, mange gode vener. Sjølv om eg óg har hatt tunge stunder og månader med hardt arbeid, angrar eg ikkje eit sekund på valet om å reise til England for å studere.
Eit år i utlandet har óg fått meg til å innsjå at, sjølv om Noreg til tider kan virke som eit lite og keisamt land i utkanten av verda (folk har ikkje så god kunnskap om Noreg som me nordmenn og norsk media ynskjer å tru), er det ein fantastisk stad å bu. Å reise heim til Bergen og Stord har vore noko eg har sett stor pris på.
Eg oppretta denne sida for å kunne dele enkelte tankar med mine norske vener og familie. Eg har ikkje alltid vore flink til å oppdatere ho. Hovedgrunnen til dette er at eg har hatt svært lange dagar på skulen, og har ikkje ynskja å berre skrive meiningslause oppdateringar (sjølv om du sikkert kan finne massevis av meiningslause kommentarar i arkivet mitt). Studietida mi ved Cass Business School anser eg som eit avslutta kapittel, og oppdaterer ikkje sida her meir. Tidlegare saker og spørsmål er framleis tilgjengelege i arkivet nedanfor.
For tida driv eg med jobbsøk, noko som er ei utfordring i finansnæringa no. Eg er likevel optimistisk. Samstundes har professoren som hjalp meg med masteroppgåva uttrykt interesse for resultata, og eg vil kanskje gjere litt vidare forskning innanfor dette området (forholdet mellom gjeld og aksjeavkastning i oppgangs- og nedgangstider). Kjennar eg meg sjølv godt nok, kjem det nok ei ny side opp på domenet mitt etterkvart, når geeken inni meg kjem fram att.
Takk for at du tok turen innom sida mi i løpet av dette året. Eg vonar du fann noko du likte :)
- Magnus
Copyright © Magnus Vie Sundal, 2008 | Domine Dirige Nos! |